Menu
Forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i Vikingskipshuset på Bygdøy saman med rektor Svein Stølen ved Universitetet i Oslo, museumsdirektør Håkon Piene Glørstad og kulturminister Trine Skei Grande (V). Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Noreg får eit nytt vikingtidsmuseum

Regjeringa har gitt klarsignal til bygginga av eit nytt vikingtidsmuseum på Bygdøy i Oslo. Bygginga startar neste år.

Av NTB | 03.09.2019 19:51:42

Politikk: Byggjeprosjektet omfattar nybygg og sikring av vikingskipa og andre gjenstandar. Det inneber òg rehabilitering av det eksisterande vikingskipshuset og eit utandørsanlegg.

Regjeringa har løyvd 35 millionar kroner til oppstarten for prosjektet neste år.

Luftforureining, støv og vibrasjonar frå besøkande i det noverande bygget øydelegg skipa. Bygget var meint å huse 40.000 besøkande kvart år, ikkje ein halv million som i dag.

Nybø seier at det er nødvendig med eit nytt museum for å utvikle og forske på metodar for forsvarleg bevaring og sikring av samlingane.

Kulturhistorisk museum har bedt om 35 millionar kroner for å komme i gang med bygginga av eit nytt museum til skipa, men regjeringa sette ikkje av midlar i 2019-budsjettet.

Perioden har namn etter vikingar og vikingferder.

Eit vikingskip er ein nordisk skipstype frå vikingtida og tidleg mellomalder. Skipa vart brukte i krig og på handelsreiser.

Gokstadskipet er eit vikingskip frå slutten av 800-talet. Det er Noregs største bevarte vikingskip og står i dag utstilt i Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo.

snl.no: vikingtiden

abc.nyheiter.no: vikingskip-søk

– No kan vi sikre og verne skip og samlingar for framtida. Dette er verdsarven vår, den skal vi ta vare på. Med eit nytt vikingtidsmuseum kan vi ta skikkeleg vare på vikingskattane, og vi får vist dei fram på ein betre måte. Dette er ein stor og viktig dag for landet vårt, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V).

Museet på Bygdøy må halde stengt under bygginga, truleg i ein periode på to til tre år.

Seksjonssjef Iste Trøim hos Riksantikvaren slo overfor NTB i sommar fast at vikingskipa på Bygdøy har store skadar.

– No startar eit svært viktig og komplekst byggjeprosjekt. Det omfattar òg eit eige sikringsprosjekt som skal bidra til sikring av skipa før, under og etter flyttinga til nytt bygg, seier statsråden.

I regjeringserklæringa frå Granavollen vart likevel regjeringspartia samde om å byggje eit nytt museum for vikingskipa og vikingtidssamlingane. Nybø har tidlegare sagt at eit nytt museum kjem til å koste 2 milliardar kroner.

Bildetekst: Regjeringa løyver 35 millionar kroner til å starte bygging av nytt Vikingtidsmuseum på Bygdøy. Museet vil totalt koste rundt 2 milliardar kroner. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Vikingtida er ei nemning som blir brukt om perioden 800 til rundt 1050 e.Kr. – særleg i Norden og Dei britiske øyane.

nysjerrigper.no: vikingane

Flere nyheter: