Næringsministeren til Stord
Næringsminister Monica Mæland besøker Stord måndag 23. februar for å sjå nærare på korleis verfts- og leverandørindustrien har vorte råka av fallande oljepris.
Av Egil M Solberg | 22.02.2015 13:37:56
På Stord møter næringsministeren kommunen og verfts- og leverandørindustrien. Det er Stord kommune som har invitert Mæland til Kværner Stord for å orientere om situasjonen.
– Omstillinga vert sjølvsagt vanskeleg for dei som blir direkte råka og for deira familiar. Det vert krevjande. Samstundes er norsk økonomi godt skodd for dei utfordringane vi møter, seier Mæland.









