Menu
Toller døde under arbeid på fraktebåten. FOTO: Kjell Bua
Toller døde under arbeid på fraktebåten. FOTO: Kjell Bua

Frigjer namn på den omkomne

Det var Tor Inge Kalstø (55 år) fra Karmøy som søndag vart funnen død på jobb under ein ordinær tollkontroll på ein færøysk båt.

Av Egil M Solberg | 20.10.2014 14:34:07

Familien til den døde har gitt sitt samtykke til offentleggjering av namnet og kollegaer ved tollvesenet på Karmøy er informert.

Karmøy lensmannskontor har sett i gang ordinær etterforsking av saka og arbeidstilsynet og Sjøfartsdirektoratet er varsla.

Det er ikkje mistanke om noko kriminelt. Den døde har skadar som tyder på fall ned i eit rom med lågt oksygeninnhald.

Ein etterforskar saka førebels som ei ulykke, men venter på obduksjonsrapport. Den døde skal obduserast i morgon, tysdag 21. oktober.

Flere nyheter: